Slik såg kyrkja ut då ho var ferdig i 1866. Kva tid bilete er frå er ikkje kjent. Det mest påfallande er det låge tårnet. Så kan vi sjå at det skorstein på taket. Det vesle utbygget over inngangsdøra saman med rømingsvegane og er komne på seinare.

Frå boka "Sauda Kyrkje 1866 - 2006" kan vi lesa om sjølve vigslinga av kyrkja: "24. august 1866 sende biskop von der Lippe i Kristiansand brev til P. R. Hoffgaard, sokneprest i Hjelmeland og prost i Ryfylke, og bad han stå føre innviinga av den nye kyrkja på sine vegner, og "overdrage en anden af prostiets prester at holde indledningstale i kordøren". Alle prestane, med prosten i brodden, tok del i den høgtidelege innviinga og vigslinga onsdag 26. september 1866. Sokneprest Tornøe på Sand var sjølvskriven, men elles møtte både Selmer frå Suldal, Hiorthøy frå Jelsa, Hansen frå Vikedal og Møller frå Nedstrand. Og kanskje var det ikkje tilfeldig at det var Selmer, som i sine to forste år som soknerpest i Suldal hadde vore prest for Saudabuen som heldt talen i kordøra". Så langt om vigslinga. Før 1919 var det ikkje noko som kunne kallast altertavle. Det var ein kvite kors og biletet med Jesus på korset - det som nå henger på sida av preikestolen. I dag ville vi knapt ha kjent oss igjen i kyrkja slik den var før 1919.

I 1919 blei altertavla som Samuel Tveit måla avduka. Før den tid såg det ut som biletet over viser. Dei andre endringane som vi kan sjå er av seinare årgang, truleg ikring 1950. Og dei er store! Her er det ein diger ovn til vedfyring. Det er sitteplasser over sakrestia og galleriet går heile vegen fram til dåpssakrestiet. I tillegg kan vi sjå at preikestolen har eiga trapp! 1921 fekk kyrkja det velkjente og høgreiste tårnet slik som biletet under viser oss.

Kyrkja ligger fint til i Sauda og er i rimelig god skikk. Kvart år er det mellom 45 og 50 gudstjenester i kyrkja. Antall vigslingar svinger frå år til år men omlag 10 brudepar i året nyttar kyrkja til å gifte seg i. Vidare er det også gravferder, bønesamlingar og konfirmasjonsundervisning i kyrkja.I dei seinare åra har det blitt installert nytt orgel og kororgel. Det blei innvia i år 2002. Orgelkomiteen hadde då arbeid jamt og trutt i mange år og fekk til slutt samla inn vel 3,5 millionar. I framtida blir det viktig å gå over kyrkjegardsmuren og endå litt lengre fram er det nødvendig med maling av interiør. Den naeraste milepelen er nok allikevel at kyrkja I 2016 blir 150 år!