Begravelse i Sauda – ring tlf. 47810717

Har du mista ein av dine kjære, så ønskjer vi å hjelpa deg. Ønskjer du gravferd i Sauda, Saudasjøen eller Hellandbygd, så kan du varsla Gravferdshjelpen i Sauda på telefon 47810717. Vi har vakt kvar dag, heile året.

Lokalet vårt er hos kyrkjekontoret i sentrum (Toppadalen 3). Dette byrået tilbyr praktisk hjelp når ein av dine kjære døyr. Vi legg til rette for gravferd/kremasjon for alle – både dei som er medlem av Den norske kyrkja, og for dei som vil ha gravferd i regi av eit anna trussamfunn, samt livsynsnøytral gravferd.

For dei som ønskjer alternativ gravferd, så ordnar vi det på Solbrekk kapell eller hos vår samarbeidspartnar Folkets Hus, der nyesalen er seremonirom.

Ved dødfall er det mykje praktisk som må ordnast, og vi er glade for å stå til teneste. Vi kontaktar bårebil, tar oss av stell av den døde, og organiserer transport til kapellet. Mange opplever det som fint å få sjå den døde, også dette bistår Gravferdshjelpen med.

Vi tar også kontakt med prest og organist. I samarbeid med familien finn vi passande tid og stad for gravferda. Det er også samtale/konferansemøte med pårørande, der vi går gjennom alt før seremonien: dødsannonsen, bestilling av programhefte, opprette minnesider osv. Der ordnar vi også med innsending av nødvendige opplysingar til tingretten.

På gravferdsdagen førebur vi og deltar i sjølve seremonien.

Gravferdshjelpen i Sauda har følgjande tilsette:

Michael Fagerland (gravferdskonsulent / diakon)
Gunnar Solvang (gravferdsassistent)
Synnøve Selvik (gravferdsassistent)
Leif Sandnes (permisjon)

På sundagar er gravferdsvakta også klokkar kl. 11-12, og vil ringe deg opp igjen rett etter gudstenesta.

Sauda har seks gravplassar: Gunnarsmoen, Saudasjøen kapell, Hellandsbygd, Solbrekk, Sauda kyrkje og middelaldarkyrkjegarden på Saua.

Sjå gjerne minnesidene våre.